Seminarinnleiing

Styreleiaren sin tale på årsmøteseminaret

– Vi skal få folk til å kjenna på gleda ved å vera samla saman med andre for felles opplevingar på scenane våre. Skaper vi fysiske fellesskap, skaper vi tillit, sa vår styreleiar Marta Hjelle i sin tale på foreininga sitt årsmøte og 60-årsmarkering 23. mars.

<p>Marta Færevaag Hjelle på årsmøteseminaret til NTO<br />Foto: Skjalg Bøhmer Vold</p>

Marta Færevaag Hjelle på årsmøteseminaret til NTO
Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Kjære alle gode kollegaer og venner. Velkommen til fysisk årsmøtedag!

Ekstra velkommen til statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann. Du har openbart vunne gullkortet denne gongen som får vera med den politiske verkstaden som slike dagar pleier å vera. Vi får sende varme tankar til statsråden som måtte til Los Angeles for utdeling av Æres-Oscar til Liv Ullmann og forhåpentlegvis to Oscar-statuettar til «Verdens verste menneske».

Dette er første store fysiske samling utan restriksjonar sidan teaterleiarane hadde si samling i Rosendal Teater i Trondheim kort tid før Norge stengte ned i mars 2020. Det har vore to år med mykje læring for både institusjonane og Kulturdepartementet, vil eg tru.

Teams førte oss saman og utveksling av lovtolking, meiningar og erfaringar skjedde hyppigare enn før. Vi diskuterte fastmonterte stolar, kohortar, toalettreglar, munnbind på eller munnbind av, kompensasjon, digitalisering, pensjon og streik. Nedstenging og gjenåpning og atter nedstenging. Ein vedvarande beredskap for når vi skulle opna igjen. Ukueleg optimisme for at no opnar vi nok snart. Og ein ukueleg optimisme då vi hadde opna for at no hadde vi nok sett den siste nedstenginga. Viktig å ta gleder på forskudd.

Andre var nok meir realistiske. Nokre gjennomslag fekk vi i utviklinga av lovverket, mens ei tilpassing av kompensasjonen fekk me ikkje på plass. Kanskje til neste pandemi.

Mangfald

I forbindelse med jubileumsfeiringa til Nordic Black Theatre (Gratulerer med 30 år!) blei det sagt at no er vi leie av å snakka om mangfald. Det går det an å forstå. Begrepet mangfald inneber ofte ei eller anna form for kategorisering av menneskjer. Vi burde vera forbi dette no i 2022. Vi burde vera der at vi såg det enkelte mennesket og kva det sto for og kva talent det hadde.

Men der er vi ikkje, til tross for gode intensjonar, mangfaldsår og kampanjar gjennom tiår. Det er framleis behov for reparasjon og utvikling.

Heldigvis pressar talenta seg på. Nye stemmer blant anna i form av forfattarar, dramatikarar og journalistar som gjennom si formidling får større gjennomslag i det offentlege ordskiftet. Nokre med god hjelp av Dramatikkens Hus.

Og spennet i skodespelarar er det heilt umogeleg å ikkje ta inn over seg. Mykje på grunn av arbeidet nettopp Nordic Black Theatre og Det Norske Teatret har gjort som katalysatorar.

Spørsmålet no blir korleis vi forvaltar og utviklar dette mylderet av stemmer og talent vidare. Det krev kunnskap og refleksjon, særleg av oss som institusjonsleiarar, men og i resten av feltet. Dette skal vi bruka tid på framover. Ikkje fordi det ser fint ut i rapporteringa inn til Kulturdepartementet, men av to grunnar: 1) for å vera attraktive arbeidsplassar og 2) for å vera relevante institusjonar i 2022.

Leiing og arbeidsmiljø

Seinare i dag kjem Loveleen Rihel Brenna som gjennom år no har utvikla ei sertifiseringsordning for mangfaldsleiing. NTO-styret hadde gleda av å høyra henne på styreseminar i Kristiansand tidlegare denne månaden. Og eg er sikker på at fleire vil ha nytte av å høyra henne, lesa bøkene ho har skrive eller ta sertifiseringskurset Senter for mangoldsledelse arrangerer.

På Nationaltheatret gjennomfører vi eit opplegg for alle tilsette med bistand frå Maria Utsi, som mange vil kjenna frå ulike roller i vårt felt, og professor i kulturhistorie Mathias Danbolt. Dette er nybrotts arbeid, og vi har ei forholdsvis open målsetting med arbeidet. Det primære i denne omgang er å setja søkelys på teateret som arbeidsplass.

Tanken er at vi gjennom samtalar om oss sjølve, korleis vi ser på vår tradisjon, profesjonalitet og kvalitet skal finna moglegheiter for å ta ned barrierar og opna opp arbeidsmiljøet i teateret.

Kompetanse og blikk utanfrå har vore svært nyttig i dette arbeidet. Tilbakemeldingane er i all hovudsak positive. Medarbeidarane set pris på å lufta problemstillingar i trygge rom. Som fellesskap utviklar vi eit språk og tar bort tabu om dette området som har hatt tendensar til polarisering. Vi har på sett og vis tatt bort frykta for ikkje å vera woke nok, i alle fall til ein viss grad.

Bomber, solidaritet og merksemd

Ukraina er ikkje langt unna. Det som skjer der kjennes nært fordi det er det. I tillegg er mediedekninga slik at vi i alle fall til ein viss grad kan forstå korleis det er der.

Teaterbygg er ofte svært like. Yama Wolasmal sin NRK-reportasje frå teatret Lviv viste skodespelarar som knytte kamuflasjetepper i det som i vårt teater ville ha vore Hesteskoen, publikumsområdet utanfor Hovudscenen. I andre rom fekk barn lov til å teikna eller å syngja. Det blir nært.

Å setja seg i eit orkester for å øva eller spela konsert, førestiller eg meg må vera heilt likt om det er i Kyiv, Moskva eller Bergen. For ikkje å snakka om klassisk ballett og opera. Vi høyrer no om kunstnarar og bransjefolk som er på flukt frå Ukraina – og frå Russland. Den Norske Opera & Ballett har tatt imot. Andre kan gjere det same. Har du arbeidd i eitt teater, finn du deg fort til rette i eit anna.

Det hjelper å hjelpa både for den som hjelper og det som får hjelp.

Det franske kulturdepartementet har etablert det dei kallar eit pauseprogram for kunstnarar som har blitt nøydt til å dra frå Ukraina eller Russland. Dette er konkret støtte i tre månader til kunstnarar og familiane deira. Dei har etablert nødtelefon og andre kommunikasjonskanalar for å sikra at dei som treng det finn fram. Vi kunne få til det same her. Kulturdepartementet med finansiering og vi med aktivitet. I ei overgangstid.

Det liberale demokratiet

Anne Applebaum som er historikar, forfattar og journalist i The Atlantic fortalde den amerikanske kongressen førre veke at Putin invaderte Ukraina fordi han meinte at kostnaden ville vera låg, at demokratiet no sto så svakt globalt at risikoen ved ein slik invasjon ville vera liten.

No er det fleire av hans vurderingar som ikkje har halde seg så godt, men det er likevel grunn til å ta inn over seg at han som russisk diktator tenkte av dette ville gå greitt. At han tenkte at vi i dei demokratiske statane no var så polariserte av fake news og populistiske politikarar, at folk flest ikkje lenger såg poenget med det demokratiske styresettet. Heldigvis møtte han eit samla Europa og USA. I alle fall foreløpig.

Krigen i Ukraina er blant anna ein krig mellom det totalitære styresettet og det liberale demokratiet. Kjem Ukraina gjennom dette som suveren stat med alle sine regionar, er det også håp for Kviterussland. Og Georgia kan pusta litt lettare og kanskje med tida få tilbake sine regionar frå Russland.

Utfallet av krigen i Ukraina vil ha stor betydning for oss alle. Den vil farga både fortida vår og framtida. Vi har ikkje mykje å stilla opp med mot bomber, men vi kan oppretthalda merksemda på det som skjer i Ukraina, mest for dei som står i krigen på Ukrainsk side, men og for vår eigen del.

Tillitsnivået

Her i landet står demokratiet støtt og tilliten er høg, blir det sagt. Men også her er det slik at ein større del av veljarmassen er meir mobil og kanskje på jakt etter kortsiktige og populistiske løysingar. For ikkje å snakka om ei aukande gruppe veljarar som fell stadig lenger frå den politiske dialogen, nemleg unge menn.

Kor vidt tillitsnivået her i landet er så høgt som vi likar å tru, kan nok også diskuterast. Svaret vil variera avhengig av kven du er, kor du bur og kva ekkokammer du soknar til.

Medietilsynet viste under pandemien at folk i større grad søkte informasjon hos redaktørstyrte mediehus. Det er bra, men også desse mediehusa må bruka stadig meir ressursar på å faktasjekka informasjonen dei får tilgang på.

Skamlaus feilinformasjon har blitt eit våpen for å destabilisera motstandaren. Det har blitt ein informasjonskrig på toppen av dei horrible hendingane som skje på bakken i Ukraina. Kva gjer dette med oss som står rundt den fysiske krigen? Korleis kan vi jobba for at polariseringa ikkje spreier seg?

Gleda ved å vera samla

Etter mange, lange nyheitssendingar om krig, etter to år med pandemi, kan kven som helst bli mørk til sinns. Her om dagen sa ei klok stemme at no må vi sjå oppover og framover. Ta tak i dei gode tinga som kjem. Balansera ut det mørke med alt det som tross alt er å verd å gleda seg over. Skeivt kulturår, nye produksjonar, nye konsertar og premierar. For dette kjem. Heldigvis.

Og vi skal klare å riste stadig fleire ut av disse sofaene som har blitt slike trygge tilhaldsstader gjennom pandemien. Vi skal få folk til å kjenna på gleda ved å vera samla saman med andre for felles opplevingar på scenane våre. Skaper vi fysiske fellesskap, skaper vi tillit.

Å leva med sosiale medier

Vi har snakka mykje om Grunnlovas §100, om at dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte. Særleg dei siste åra med «Ways of Seeing»-saka, Ytringsfridomskommisjonen, kakofonien i sosiale medier, behovet for respekt og frykta for å bli krenka. Når er ein meiningsmotstandar og når er ein troll? Truslar og oppreising.

På den eine sida blir vi stadig meir kompetente på kva sosiale medier gjer med oss lokalt og globalt. Og det gir heilt klart grunn til bekymring. Lena Lindgrens bok «Ekko» er tankevekkjande lesing i så måte.

På den andre sida knytes bransjen tettare saman nasjonalt og internasjonalt, og det er mange av oss som bruker sosiale medier aktivt for å vera i folks bevisstheit og selja førestillingar og konsertar.

Slik det ser ut i dag, er det vanskeleg å sjå at vi skal kunna koma oss rundt eller unna dei sosiale medieplattformene. Vi må læra oss å leva med dei, bruka dei godt og håpa at vi blir ein slik som lagar ekko i staden for å vera eit ekko. Og at vi gjennom det får folk til å logga av den digitale verden i større grad og melda seg på den fysiske.

Den frie kunsten

NTO er eit fellesskap av over 50 teater og orkester. Og vi skal, med svært god hjelp frå sekretariatet vårt, halda fram med å skriva høyringssvar og gje innspel på budsjett og andre forslag som måtte koma. Vi kjem til å følgja spent med når revidert Kulturlov blir lagt fram. Vi skal vera konstruktive, men og kritiske til den vidare utviklinga av Kulturrådet si rolle. Det same gjeld evalueringa av Kulturtanken.

Vi kjem til å snakke om alle dei små faga vi har behov for, og korleis vi kan sikra kompetanse på desse områda. Og vi kjem til å snakke om økonomi og styring.

Vi jobbar heile tida for at så mykje som mogeleg av det økonomiske handlingsrommet skal koma kunsten til gode. Føreseielege rammer gjer oss i stand til å få mest kunst ut av pengane.

I NTO-fellesskapet deler vi dessutan kunnskap, erfaringar og tenester. I alt dette ligg det mykje god ressursbruk og god utvikling.

Når alt kjem til alt er vi her for den frie kunsten, slik NTO no har vore på ulikt vis gjennom 60 år.

Takk for meg.

Marta Færevaag Hjelle, styreleder i NTO