– Jo, vi er bekymra for kunsten. Vi er redde for at den blir marginalisert i alt jaget etter å kryssa av i stadig fleire boksar for både det eine og det andre, sa vår styreleiar Marta Hjelle i sin tale på foreininga sitt årsmøteseminar 20. mars. – Samstundes har vi mykje å vere glade for, fortsette ho.
Marta Færevaag Hjelle
Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Kjære alle saman – styreleiarar, teatersjefar, direktørar, tillitsvalde, byråkratar velkommen til årsmøtedag i NTO. Ekstra varmt velkommen til kulturministeren!
For ikkje lenge sidan høyrde eg eit intervju den amerikanske satirikaren John Stewart gjorde med britiske Ian Hislop som er redaktør for det satiriske Private Eye Magazine. Dei tok utgangspunkt i fabelen om keisarens nye klede. I denne fabelen er det som kjent eit barn som ropar ut og får alle til å sjå at keisaren er naken. Keisaren skammar seg og trekkjer seg tilbake.
Korleis ville denne historia vore tilpassa vår tid? For amerikanaren og engelskmannen var det uklart om publikum ville ha akseptert at keisaren faktisk var naken, og dei stilte seg avventande til kor vidt keisaren i det heile tatt ville ha kjent på skam.
Sånn har det blitt. Verden rundt oss overgår fiksjonen som slike som oss i utgangspunktet skulle stå for. Det der med at vi byggjer stein på stein, ny kunnskap tar oss vidare, vi blir klokare, er ikkje så sjølvsagt lengre. Antidemokratiske grupper styrkjer seg på tvers av landegrenser. Kampen om rettsstaten pågår i land vi tradisjonelt har oppfatta som demokrati.
Og ulike former for sensur blir stadig meir legitim gjennom kulturkrigane vi står i. Kva krev det av oss i beredskapen for kunst og kultur i Norge og elles?
I fjor var vi samla 23. mars, ein månad etter at Russland gjekk til fullt angrep på Ukraina. Eg snakka om bombinga av teateret i Mariupol og om korleis teateret i Lviv hadde blitt tatt i bruk for å aktivisera barna og for å knyta kamuflasjetepper. No står vi der eit år etter og det er vanskeleg å sjå for seg ei løysing på kort sikt.
For vår eigen del er krigen kome inn i husa våre og opp på scenane våre. Vi møter motstand på repertoarval og må forklara kva vi gjer og kvifor vi gjer det. Den Norske Opera & Ballett (DNO&B) fekk motbør då dei sette opp Eugen Onegin av Tsjajkovskij i februar. Det hadde nok litt med tidspunktet å gjera, men det ukrainske argumentet går også på russisk bruk av eigen kunst og eigne kunstnarar i sin imperialisme. Det skal vi ha respekt for. DNO&B tok tilbakemeldinga og brukte anledninga til å halda ein paneldebatt om problemstillinga. Denne debatten finst i podkast og den kan eg anbefala. Du finn den både på Operaens og NTOs nettsider.
Det er fleire ordvekslingar der som er verd å gjenta her. Det blei for eksempel frå ein av dei ukrainske deltakarane stilt spørsmål om kor vidt ein ville ha spela Wagner i England på slutten av 30-talet. Svaret frå Frode Helland var at muligens ikkje, men kanskje Brecht kunne vore på sin plass. Nyansar er det første som går tapt når konfliktnivået aukar.
Skal vi bli ein del av konflikta eller skal vi, som Julie Wilhelmsen sa i nemnde debatt, arbeida for at Ukraina skal bli eit godt og demokratisk land å bu i når krigen er over. Det er tross alt det dei kjempar for.
Styret i NTO har i alle fall vedtatt å halda fast ved dei prinsippa vi etablerte i fjor vår for boikott av Russland. Men samtalen om dette vil fortsetja, nye oppsetjingar og konsertar vil koma og setja søkelyset frå nye vinklar. Kor vi er neste år, kan berre tida visa.
Her i Norge har vi politikarar med klede på stort sett, i motsetning til nemnde keisar. Vi har ein statsminister som eksplisitt har gått ut og sagt at han vil insistera på å driva ein politikk som er verdi- og kunnskapsbasert og ikkje la seg freista av enkle populistiske løysingar. Det tenkjer eg er ein god ambisjon i ei tid som er uoversiktleg for å seie det mildt.
For to veker sidan hadde teaterleiarane ei samling i Kristiansand der klimaet i den offentlege debatten var tema. Det har vore eit tilbakevendande tema dei siste åra.
Først og fremst: Offentleg debatt er eit gode, og offentleg debatt om kunst og kultur er heilt strålande. Det vekkjer engasjement, det opplyser, det gir erkjennelse og utvikling, det utfordrar oss til å ta stilling. Vi skal jubla over diskusjon om kunsten. Det skaper engasjement, noko vi lever av.
For vår del på Nationaltheatret erfarer vi no kor frigjerande det var då kulturministeren gjekk ut offentleg med ideen ho hadde for rehabiliteringa av Nationaltheatret. Etter det har spørsmåla frå alle kantar, både i og utanfor teateret, vore mange: Eg trudde denne rehabiliteringa allereie var løyst? Er de ikkje allereie i gang med rehabiliteringa då? Skal de flytta til Tullinløkka? Men kva skjer med dagens bygg då? Skal de ikkje pussa opp Nationaltheatret? Og så vidare. Dette er spørsmål vi med glede svarar på. Det har òg vore fint å oppleva at mange forstår kompleksiteten og heier på prosjektet når dei først får det forklart. Offentleg debatt, der altså. Vi toler det godt. Og har stor nytte av det.
I nemnde samling i Kristiansand snakka vi med utgangspunkt i kunstdebatten som har gått føre seg i Kristiansand dei siste åra. Kristiansand kommune har vore ambisiøse og bygd kulturskule i tillegg til Kilden kulturhus. No byggjer dei på toppen av det heile ein kunstsilo. Dette har sett motkreftene i sving. Debatten har blitt polarisert og angrepa tøffe og tidvis usaklege. Spørsmålet blir då korleis ein som institusjon skal delta i ein slik debatt. Kven skal ein vera i dialog med? Er dialog mogeleg? Kva språk skal ein bruka? Skal vi argumentera ut frå samfunnsøkonomiske termar eller skal vi kommunisere gjennom kunsten?
Det er forståeleg at det er vanskeleg å stå i slik debatt når den pågår, og fleire stemmer trengs for å berika og nyansera, men det blir og interessant å sjå på effektane av ein slik debatt over tid. Styrkjer den eller svekker den kunstinstitusjonanes legitimitet i Sørlandsbyen? Eg trur det første. Men vi må vera med i debatten både institusjonar, kunstnarar og ikkje minst akademia.
Dei siste åra har vi snakka mykje om dei som står i stormar som eigentleg ikkje er ein offentleg debatt om kunsten, men som handlar om trakassering og truslar av kunstnarar – gjerne med utgangspunkt i dei kunstnariske uttrykka deira. Meir eller mindre anonymisert press på sosiale medier osv. bidrar til å kjøla ned og hemma kunstnarisk produksjon. Dei kunstnarane som står i dette, må vi som samfunn og institusjonar hegna om. Både for å gjera det offentlege rommet større og meir mangfaldig, og for å ivareta den enkelte. Dette siste har NTO no ein felles bransjestandard for takka vera pådrivarar i teaterfeltet.
NTO vil alltid forsvara og forbedra rammevilkåra som er opparbeidde for bransjefellesskapet vårt. Samtidig skal kulturforvaltninga leggje til rette for den politikken regjeringa stakar ut på vårt og andre samfunnsområde. Dette er to ulike perspektiv. Begge er legitime og må sameksistera.
Så kva er vi redde for?
Her har eg lyst til å bruka Økern-prosjektet til Nationaltheatret som eksempel. Dette prosjektet er først og fremst eit kunstprosjekt. Axel Hellstenius hadde ideen og tok kontakt med Frank Hammersland for å få lagt til musikk. Teatersjefen tok opp prosjektet og bestemte at det skulle setjast opp i kjøpesenteret på Økern. Kunstnarisk team blei engasjert. Og etter mykje om og men blei det premiere, takk og pris!
Samtidig har vi drivande dyktige folk på formidling som såg moglegheiter for å engasjera ungdommar i nærmiljøet og bruka speleperioden som ein arena for diverse debattar, workshops, konsertar og arrangement for øvrig. Formidlingsaktivitetane fekk god økonomisk drahjelp frå Sparebankstiftelsen og Fritt Ord. Så når vi kjem til rapporteringa for 2023 kan vi kryssa av for mange av desse dimensjonane som er viktige i eit samfunnsperspektiv; mangfald, gjenbruk, barn og unge.
Og det er vel og bra, men vi må ikkje gløyma at utan sjølve kunstprosjektet hadde vi ikkje kunna kryssa av på noko som helst.
Så kva er vi redde for?
Jo, vi er bekymra for kunsten. Vi er redde for at det blir marginalisert i alt jaget etter å kryssa av i stadig fleire boksar for både det eine og det andre. Vi er redde for at boksane blir hovudsaka. At dette økosystemet vi har i dag kjem ut av balanse. At når forvaltninga, i tillegg til offentlege og private finansieringskjelder, primært fokuserer på boksane, blir kunsten litt borte.
Og så kan ein seie at dette naturlegvis er heilt fullstendig paranoid. Alle veit at hovuddelen av budsjetta våre går til kunstproduksjon. Men likevel. Vil utsikter til meir prosjektfinansiering forsterka dette bildet? Vil tida gå med til søknadsskriving framfor å leita fram dei gode ideane, som den Axel Hellstenius hadde. Vil vi tilpassa oss? Og kva skjer då med kunsten vi ikkje visste at vi trengte?
NTO vil framleis argumentera for ei rammefinansiering av institusjonane som er nok til å takla både milde og meir krevjande år. Etter ABE-reforma og ytterlegare innstramming i førre budsjettrunde som følgje av Ukraina-krigen, vel no fleire institusjonar å føra opp det å oppretthalda orkesterbesetning eller teaterdrift på budsjettsøknaden for 2024. Det er talande for korleis driftsøkonomien allereie blir opplevd. Dette handlar ikkje berre om institusjonanes evne til å produsera kunst. Det handlar om arbeidsplassar, både i institusjonane og for frilansarar. God institusjonsøkonomi er god kunstnarøkonomi.
Vi forstår at forvaltninga har behov for meir effektivt å systematisera informasjon om feltet vårt. Vi er samansett av individuelle institusjonar med respektive karakteristika og historiar. Det kan fort blir uoversiktleg. Gjennom eit meir systematisk overblikk vil vi kunna stå meir tydeleg fram som bransje i den politiske samtalen regjering og Storting skal ha. Det kan styrkja oss i den store diskusjonen om fellesskapets ressursar. Difor skal vi bidra til kvalitet og relevans i styringsinformasjonen for åra som kjem. Vi starta dette arbeidet førre veke i møte med KUD og Kulturdirektoratet. Målet er gjensidig tillit og gjensidig nytte. Det får vi til.
Utdanning av fagarbeidarar generelt vil vera eit prekært behov framover på tvers av bransjar. Her må vi jobba for at endring i kultur og utdanningsløp gjer at fleire vel å bli fagarbeidar. Vi på vår kant må vera tydelege på kva kompetanse vi treng. Kva utdanningsløp vi treng for å sikra oss kritisk kompetanse. Her veit vi det er krefter i fagrørsla vi kan samarbeida med. Og det finns nordiske og europeiske nettverk vi bør fylgja med på.
Fokus på utdanning og rekruttering generelt, vil også bidra til auka mangfald i institusjonane. Riksteatret, Hålogaland, Det Norske Teatret og Teater Manu arbeider for å auka mangfaldet av scenografar og regissørar. Det er bra. Men vi må også sjå på faga vi treng i institusjonane, dramaturgar, inspisientar og tekniske fag.
Og så skal vi ikkje sleppa arbeidet med å auka mangfaldskompetansen i institusjonane. Det hadde vi oppe på årsmøtet i fjor. Og det skal vi ta vidare i komande samanhengar. Eg trur det er ein samtale vi må halda gåande. Det er ikkje lært etter første runde, det er ein kontinuerleg prosess.
Om eit par månader legg Sannings- og forsoningskommisjonen fram rapporten frå arbeidet dei har gjort med å kartlegge norske styresmakters politikk og verksemd overfor samar og kvener/norskfinner både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det vil vera opprivande lesing, men det må til. Vi skal gjera vårt i formidlinga av dette materialet.
Til slutt: I løpet av dei neste åra skal vi opna Nynorskens hus i Førde og nytt teaterhus for Beaivváš. Pandemien er over. Snart er det festspill i Bergen og Heddafest i Oslo blant mykje anna.
Vi har mykje å vera glade for!
Takk for meg.
Marta Færevaag Hjelle, styreleiar i NTO