Årsmøte

Tale frå styreleiar på årsmøtet 2021

– Framover må me snakke om gjenopning og kor me kan få dytta inn fysiske kunstopplevingar der det er mogeleg. Korleis kan me opna institusjonane for dei som studerer scenekunst? Kan me opna salane for dei som har blitt vaksinert, var blant spørsmåla vår styreleiar Marta Hjelle stilte i sin tale på årsmøtet i NTO 25. mars.

Marta Hjelle, styreleiar i NTO og direktør ved Nationaltheatret
Foto: Nationaltheatret

Kjære alle

Me vil kvarandre vel, og me spelar kvarandre gode. Det kan synast naivt, men eg prøver å ha denne inngangen til alt og alle. Det er ikkje alltid lett.

Etter eit år med korona og varierande grader av innestenging, har bruene mellom oss vorte på Zoom, Teams og sosiale media. Noko blir borte i denne kommunikasjonen og ein kan få inntrykk av at me er meir oppfarande og polariserte enn tidlegare. Tillit byggjer me i centimeter og riv ned i meter.

Kor går vegen vidare? Ein organisasjonspsykolog sa ein gong at det gjeld å byrja med det ein er einig om, og jobba seg ut frå det. Bruka mindre tid på dei ytre flankane, men utan å ignorera dei.

«Me fekk gjennomslag for å ikkje overføra institusjonar til regionane.»

Me er samde om mykje. For eksempel at me skal laga scenekunst av høg kvalitet, og me skal driva verksemdene våre forsvarleg og berekraftig innanfor økonomiske rammer og det som er gjeldande lovverk. Og me fekk gjennomslag for å ikkje overføra institusjonar til regionane i diskusjonen om oppgåvefordeling i regionreforma.

Autonomi som føresetnad for kunsten

Så kva er då problemet no?

Det skjer endringar i måten me blir forvalta på. Ei reint administrativ ordning utan betydning for verken institusjonane eller politikken, blir det hevda.

Det blir sagt at bakgrunnen for denne endringa er at Kulturdepartementet treng betre oversikt og meir kunnskap om feltet. Dessutan er det behov for å rydda i postane på statsbudsjettet og legge betre til rette for likebehandling av institusjonane.

Så kva er då løysinga?

Kulturdepartementet har valt å leggja forvaltninga av institusjonane våre til Kulturrådet. I utgangspunktet handlar dette om å samla inn og strukturera alt av informasjon i årsrapportar og budsjettsøknader. Kulturrådet har allereie erfaring med å forvalta museumsfeltet og bruker dette som ein mal for korleis dei tenkjer seg oppfølginga av våre institusjonar. Det er oppfølging som går inn i muséas verksemder og fokuserer på tema som formidling, samlingsforvaltning, forsking og digitaliseringsgrad.

Så kvifor denne uroa?

For å svara på dette må me gå til den enkelte institusjon. Kva definerer ein scenekunstinstitusjon? Det er kunsten som blir skapt der. Ja, me skal framleis driva med formidling, mangfald, klima og andre tema. Men det må vera med utgangspunkt i kunsten. Utviklinga over tid blir skapt av nye kunstnarskap og i dialogen med omverda. Autonomi er ein føresetnad.

«Balansen mellom det interne initiativet og dei ytre insentivordningane blir rokka ved.»

Kva som no skjer med autonomien til institusjonane, veit vi lite om. Ei frykt er at meir tid vil gå med på å rapportera inn til Kulturrådet på ulike politiske tema. Ei anna er at institusjonane gradvis vrir budsjettsøknadane mot politisk attraktive områder, som et resultat av føregripande lydigheit som Timothy Snyder ville ha kalla det. Balansen mellom det interne initiativet og dei ytre insentivordningane blir rokka ved og kan bidra til å redusere den kunstnariske fridomen.

Same tyding av armlengds prinsippet?

Endringane som no blir gjennomført, kjem utan at bransjen har vore involvert. Det har ikkje vore mogeleg å påverka innhaldet og kvaliteten i endringane så langt. Det gjer og at me ikkje fullt ut kjenner det konkrete innhaldet i endringane eller konsekvensane av dei.

«Endringsprosessar utan involvering ender med at motkreftene vaknar.»

Endringsprosessar utan involvering ender med at motkreftene vaknar. Når me gir uttrykk for uro, blir me korrigert. Møtt med kommentarar som at det er uforståeleg at me er bekymra. At det må «bero på en misforståelse». Dialogen kan heilt klart bli betre her.

Så kva gjer vi med dette?

I første omgang har me sendt ei rekkje oppfølgingsspørsmål til Kulturdepartementet etter møta me hadde med både Kulturdepartementet og Kulturrådet i byrjinga av mars. Det viktigaste er å avklara om me legg same tyding av armlengds prinsippet til grunn.

Me kjem til å følgja opp med sakleg argumentasjon i dialog med både Kulturdepartementet og Kulturrådet.

Gjenopning

Nokre ord om pandemien.

Kor lang og streng denne pandemien til slutt blir, er det ingen av oss som veit. Me vekslar mellom optimisme og pessimisme i takt med smittetal og sakte framgang i vaksineringa. For nokre institusjonar har tiltaka vara lenge, for andre er tiltaka meir av forbigåande karakter. Me har kjent på frustrasjon over uforståelege reglar og forskjellsbehandling. Og me har kjent på ambivalensen rundt digitalt teater, og no sist korleis publikum skal få tilgang til dei digitale produksjonane.

«Kor blir det av bransjen vår i satsinga på barn og unge?»

Framover må me snakke om gjenopning og kor me kan få dytta inn fysiske kunstopplevingar der det er mogeleg. Kor blir det av bransjen vår i satsinga på barn og unge? Korleis kan me opna institusjonane for dei som studerer scenekunst? Kan me opna salane for dei som har blitt vaksinerte? Dialogen må gå med både stat og kommune. Og kompensasjonsordningane må vera tilpassa den økonomiske børa som den enkelte institusjon har blitt påført.

NTOs politiske arbeid

Til slutt nokre ord om NTOs politiske arbeid – gjennomslag og kommunikasjonsform

NTO sitt arbeid er langsiktig. Det handlar om å ha tett dialog med departementet og å fora politiske aktørar med relevant bodskap inn i kampanjar og politisk arbeid ut over det. I 2020 fekk me gjennomslag i regionreforma. No håper me å bidra til at forvaltninga av feltet blir god for både institusjonane og forvaltninga. Og ja, me skal melda inn våre synspunkt på Barne- og ungdomsmeldinga som kom denne veka.

I tillegg til den saklege dialogen NTO har med forvaltninga, er gjennomslag avhengig av utspel frå medlemmene i media og SoMe. Det eine kan ikkje fungera utan det andre. Mange gode bidrag her frå gamle og nye travarar i bransjen.

«Me er opptatt av likebehandling.»

Og så er me opptatt av likebehandling. Med dette meiner me lik tilgang til informasjon. Det er og ein viktig føresetnad for autonomien i bransjen. Departementets og Kulturrådets fragmenterte kommunikasjon med enkelte institusjonar som me har sett i det siste, bidrar til uro. Me vil derfor jobba for framleis å ha god kommunikasjon til heile feltet om politikken og forvaltninga.

Som sagt, me vil kvarandre vel. Når eg mistenkjer at dette ikkje er tilfellet, handlar det ofte om dårleg kommunikasjon og mangel på kunnskap. NTO kjem derfor til å fortsetja med å opplysa dei sakene som blir debattert og stilla gode spørsmål til rett adressat. Me gjer ikkje dette for å leggja olje på vatnet, men for å koma vidare i debatten og løysa opp i det som måtte vera av konfliktar.

Takk for meg!

Marta Færevaag Hjelle, styreleder i NTO

Abid Rajas tale

Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja talte også på NTOs årsmøte. Den kan du sjå i form av ein videotale du kan laste ned her.

Årsrapport

Ynskjer du å les NTOs årsrapport, finn du den her.


Nytt styre

På årsmøtet ble det valt nytt styre med to nye varamedlemar. Oversikt over det nye styret finn du her.