Innleiing

Tale til NTOs styreleiarseminar

Styreleiar i NTO, Marta Færevaag Hjelle, innleia på styreleiarseminaret i foreininga 9. september. Hjelle snakka blant anna om den nyleg framlagte scenekunststrategien, sommarens debatt om hatefulle ytringar og regjeringas oppfølging av konsekvensane pandemien har hatt i dei ulike delane av landet.

Velkommen til styreleiarseminar. Dette er tredje gong vi avviklar eit slik samling og andre gong det skjer fysisk. Tradisjonen festar seg, og la oss håpa at vi også i framtida kan ha ein slik fysisk møteplass, sjølv om det er på Det Norske Teatret. De får ta det som eit konkret bevis på at Nationaltheatret treng større plass.

Spesielt velkommen til Pelle Amberntsson. Det kjennes nesten uverkeleg å ha med ein utlending fysisk her i møtet no i disse pandemitider, så eit varmt velkommen til deg. Spennande å høyra om arbeidet ditt om litt. Velkommen også til Heidi Karlsen og Bernt Martin Schjerven frå Kulturdepartementet og Kristin Danielsen frå Kulturrådet. Og så skriv vi historie her i dag i og med at vi har med det fylkeskommunale nivået og det kommunale nivået. Velkommen dermed til John Arve Eide, fylkesdirektør for kultur og mangfold i Viken fylkeskommune og Ola By Rise, kultur- og idrettsdirektør i Trondheim kommune. Og ikkje minst velkommen til vår eigen Tom Remlov som óg skal sitte i panel.

Min velkomst i dag kan bli noko springande. Eg vil trekkja nokre linjer bakover i tid til tema vi har vore opptatt av og framleis er opptatt av, samtidig som pågåande streik gjer at eg må snakka litt om det heilt dagsaktuelle også.

Lovfesting av armlengds prinsippet

I fjor var hovudattraksjonen professor i rettsvitenskap Ola Mestad. Han leia eit ekspertutval med Anine Kierulf, Pål W. Lorentzen og Merete Smith som bidrog til NTO sitt innspel i arbeidet med Kulturlova. Han peika på behovet for føreseielege rammer for akademia og utdanning, medier og presse, samt kunst og kultur – altså tre samfunnsinstitusjonar som er vesentlege i ytringsfridomens infrastruktur og presenterte utkastet til det som vart NTOs forslag til lovfesting av armlengds prinsippet. NTO har sidan kome med sju hovudpunkt for korleis vi meiner at dette prinsippet best kan ivaretakast i forholdet mellom politiske styresmakter og kunstinstitusjonane. På mange måtar er dagens tema ei vidareføring av denne samtalen. Til sjuande og sist handlar det om korleis ein kan oppretthalda sterke og frie kunstinstitusjonar i Norge av i dag. Vi ser fram til ei revidert Kulturlov med forventning.

Samarbeid basert på sjølvstendige kunstnariske val

Apropos armlengds avstand, la kulturministeren fram en scenekunststrategi tidlegare denne veka. Der har vi nok fleire spørsmål som vi skal koma tilbake til når vi har fått arbeidd oss gjennom dokumentet. Men som de kanskje forstår er vi spørjande til at ein i same dokument definerer armlengds prinsippet, for å så å leggja inn ein føresetnad om kven dei statleg eigde teatera skal samarbeida med. Det føregår mykje godt samarbeid i denne sektoren med utgangspunkt i kunstnariske val. Korleis dette kan utviklast kan vi meir enn gjerne vera med å diskutera.

På den andre sida har strategien en fin passasje om ytringsfridom og interessante tiltak. Eit at tiltaka for eit betre ytringsklima er å styrkje den kvalifiserte kritikken som fremmer kunnskap og opplyser den offentlege samtalen om scenekunsten. Det er bra.

Hatefulle ytringar

I NTOs årsmøte våren 2019 sto kunstnarane sin ytringsfridom på dagsorden. Det gjorde inntrykk å høyra frilans kunstnarar fortelja om grov trakassering på nettet og belastninga med å fylgja dette opp med politiet i etterkant. Regjeringa har i forbindelse med valet utgitt ein rettleiar om førebygging og handtering av hatefulle ytringar, hets og truslar mot politikarar. Dokumentasjonen er generell og kan leggjast til grunn for meiningsberar generelt, inkludert kunstnarar. Ein slik rettleiar er ei vedkjenning av at det er eit anstrengt ytringsklima.

Det er ikkje meiningsmotstand som er problemet, det er metodane som blir brukt og det massive omfanget det resulterer i. Vi ser og at ord fører til handling. Det styrkjer trusselopplevinga.

Vi som institusjonar skal tola å stå i stormen. Men når enkelt kunstnarar mottar hatefulle ytringar og truslar fordi dei har mottatt støtte frå Kulturrådet, er situasjonen straks meir alvorleg. Gjennom sommaren har det og vore ein debatt om kunstnarar sjølve skal delta i debattar i regi av ytringsfridomskommisjonen og andre. Institusjonsleiarar og andre ansvarlege i forvaltninga må kunna forventa å delta i slike debattar. Likeså kunstnarorganisasjonane. Men at den enkelte kunstnar skal måtta forsvara seg og sitt virke i eit Dagsnytt 18-format, blir feil. Debatten må ha ein høgare himmel og gi rom for refleksjon ut over sjølve pengebruken. Vi er nok litt avventande til kva som kjem frå Ytringsfridomskommisjonen når dei leverer sitt arbeid på nyåret. Debatt blir det garantert.

Ulike institusjonar veljar ulike vegar

Institusjonane våre må spegla samfunnet vi lever i, og samfunnet må spegla seg i oss. Viss ikkje mistar vi relevans. Eg opplever at dette er ei grunnleggjande kraft i arbeidet til dei kunstnariske sjefane rundt om kring i feltet. Men vi kan ikkje stansa der. Vi må snakka om mangfald når det gjeld publikummet vårt og ikkje minst mangfald på arbeidsplassane våre. Mangfald handlar ikkje om korleis vi skal ivareta minoritetar. Vi er alle ein del av mangfaldet, også vi som ikkje har vårt utgangspunkt i ein eller annan minoritet. Det blei nettopp fordelt ut tippemidlar til blant anna mangfaldsarbeidet. Det er bra, men det trengs fyrst og fremst vilje til å ta opp temaet, byggja kunnskap og reflektera, for så å ta med lærdomen vidare i leiinga av institusjonane. Det er mange gode krefter som arbeider med dette og vi er håpefulle for åra som kjem. Dette blir eit tema også neste år, vil eg tru.

Digitalisering har vore eit tema over tid i bransjen. Under pandemien fekk digitaliseringa eit skyv i form av auka ressursar til formålet og behovet for å koma ut til eit publikum som ikkje kunne koma til salane våre. Det har vore viktig gjennom dei siste 18 månadane å halda kontakten med publikum, ikkje minst for no å få folk tilbake i teater- og konsertsalane. Men korleis vi skal bruka den digitale kompetansen vi har bygd gjennom pandemien, blir eit ope spørsmål. Teater og konsertar er best i salen der det skjer, men digitale plattformer gir opning for at dei som ikkje kan koma til salane, og kan få med seg det som skjer der. Her vil nok ulike institusjonar velja ulike vegar vidare. Premissane for vala vi gjer vil måtte vera ein balanse mellom det kunstnariske og publikumsperspektivet.

På tampen som ei innleiing til departementets sitt innlegg om pandemien har eg berre lyst til å minne om eit par poeng NTO har hatt i denne samanheng. Vi forstår at regjeringa har måtta leggja forvaltninga etter kvart som pandemien utvikla seg. Det har vi i grunnen alle måtta gjera. Og det går an å forstå behovet for likebehandling i sektoren. Men viruset driv ikkje likebehandling, og det kunne vera ein ide å sjå nærare på forslaget frå NTO om å kompensere, gjerne i etterkant, basert på dei konsekvensane pandemien faktisk har hatt i dei ulike delane av landet. Og som vi har sagt, frie kunstinstitusjonar ynskjer ikkje øyremerking eller økonomiske insitament. Vi vil helst ha rammetilskot.

Pensjon og streik

Før vi går i gang med dagens program må vi snakke om pensjon og streik. Beklagar det.

Eg legg til grunn at alle her kjenner til innhaldet i denne arbeidskonflikta. Dette er ikkje eit diskusjonspunkt, meg eg har likevel behov for å minna om fylgjande no som vi alle er samla her i dag:

  • Vi inngjekk ein avtale med LO i 2016 om ein ny tenestepensjon. Av 1,5 mill. arbeidstakarar med innskotspensjon er det berre tre prosent som har like god ordning som våre tilsette.
  • Avtalen var midlertidig i påvente av at eventuelle regelendringar kunne verka inn på ordninga. Slike regelendringar har ikkje kome.
  • Avtalen gjorde det mogeleg for alle frilansarane vi engasjerer, å ha opptening av tenestepensjon frå fyrste krone. Det hadde dei ikkje før 2016. Viss ein skulle legge om til hybridpensjon, ville mange frilansarar beviseleg koma dårlegare ut pensjonsmessig. Av Norsk skodespelarforbunds medlemmer er bort i mot 80 % frilansarar. I Creo er andelen ca. 50 %.
  • Innskotspensjon er langt betre for utøvarar som har fleire arbeidsgivarar i og utanfor sektoren. Ordninga legg generelt godt til rette for mobilitet i arbeidsmarknaden.
  • Innskotspensjonen er kjønnsnøytral sidan kvinner og menn tener opp lik pensjon gitt like forutsetningar.
  • Innskotspensjon kan vera livsvarig viss den enkelte ynskjer det.
  • Markedet for hybridpensjon er skjørt med to leverandørar og liten populasjon.
  • Innskotspensjon gir mest pensjon for pengane. Hybridpensjon blir ganske mykje dyrare viser det seg.
  • Hybridpensjon er ikkje sosialt utjamnande, tvert i mot.

Situasjonen er vanskeleg og fastlåst, men vi er i gode hender hos Spekter som arbeider saman med oss for å finna løysingar.

Dette kunne vi ha hatt eit heilt eige seminar om i dag. Men her lukkar vi dette temaet og går tilbake til dagen program. Eg gir ordet vidare til Morten Gjelten som skal fasilitera møtet vidare.

Marta Færavaag Hjelle, styreleiar i NTO