Seminarinnleing

Tale til NTOs styreleiarseminar

Styreleiar i NTO, Marta Færevaag Hjelle, innleia på styreleiarseminaret i foreininga 8. september 2022. Hjelle snakka blant anna om den institusjonelle og individuelle kunstnariske fridomen, samtalen om kunsten i det offentleg rom og dialogen med myndigheitene rundt innhaldet i og gjennomføringa av rapportering.

Marta Hjelle 2022 cropped

Å sikre kunstens fridom og musikk- og scenekunstinstitusjonanes uavhengigheit er sentralt i NTOs arbeid. Det ligg bak når vi diskuterer økonomiske rammer, lovarbeid, organisering av politikk og forvaltning eller når vi deltar i den offentlege samtalen.

Mange vil sei at den kunstnariske fridomen er vel ivaretatt i Norge. Vi er eit demokrati. Tilliten er høg. Og ytringsfridomskommisjonen konkluderer nettopp med at det ikkje står så verst til med ytringsfridomen her i landet. Det må vi vera glade for, men vi kan ikkje ta det for gitt at slik vil det alltid vera.

Verden rundt oss viser at arbeidet med å sikre menneskerettar generelt og ytringsfridom spesielt, ikkje er lineære prosessar, men meir for Sisyfos arbeid å rekna. Det dukkar stadig opp idear, eller det veks fram nye kulturar som rammar menneskerettane. Ofte ikkje av vond vilje, men som konsekvens av teknologiske skift, politikk og sosioøkonomiske endringar.

Derfor har vi institusjonar som Norsk Institutt for Menneskerettar som arbeider med menneskerettar i Norge, og vi har organisasjonar som NorskPEN som arbeider for ytringsfridom spesielt både her og elles i verden. I Sverige har dei dessutan Myndigheten för Kulturanalys som forskar på korleis rammebetingelsar og politikk påverkar kunstens fridom. Vi skal høyra frå Pelle Amberntsson derifrå seinare i programmet.

Felles verdigrunnlag

Vedlagt programmet for denne samlinga har vi NTOs mål, prinsipp og styringsdokument. Dokumenta er også samla i ei lita trykksak som folk kan plukke med seg.

Teater- og orkesterfeltet har mange talsmenn i form av styreleiarar, teatersjefar, orkestersjefar og direktørar med fleire. Dokumenta dannar eit felles verdigrunnlag for medlemmene og bidrar til konsistent argumentasjon over tid i vekselvirkninga mellom medlemmene lokalt og NTO sentralt. Det er derfor viktig at de er godt kjent på alle nivåa i institusjonane også i styrene. Dokumenta dannar dessutan eit grunnlag for dokumenta NTO utarbeider gjennom året.

I NTOs årshjul er det særleg eit dokument som går igjen årleg. Det er organisasjonens innspel til Statsbudsjettet. Det er eit omfattande dokument som dekkjer alt frå overordna strukturelle spørsmål, som for eksempel no energikostnader, til konkrete problemstillingar for den enkelte institusjon.

Kulturlov

I tillegg utarbeider vi høyringssvar på det vi meiner er relevante høyringsrundar for vår verksemd. Ei sentral høyring for oss dei siste åra har vore arbeidet med ny kulturlov. Andre eksempel er høyringar om spørsmål om humaniora og estetiske fag i skuleverket.

Dokumenta er ikkje meisla i stein, som det heiter, men skal over tid vera gjenkjennelege og romma behovet for alle dei ulike institusjonane rundt omkring i landet.

Dei sju overordna måla for det interessepolitiske arbeidet
  1. Den kulturelle infrastrukturens eksistens er tufta på Grunnlovas §100 krav om at offentleg styresmakter skal sikra dei institusjonelle vilkåra for kunsten som fri ytring. Det er fint å ha i ryggen, men kva det faktisk betyr og kva det krev av oss over tid, må vera ein pågåande dialog. NTO har vore særleg opptatt av armlengds prinsippet. Vi har arbeidd for at dette prinsippet skal bli et lovkrav i den framtidige kulturlova. Ikkje alle meiner at dette er nødvendig. Det blir hevda at politikarar og forvaltning er kjende med prinsippet og veit å ta høgde for det. Langt på veg er vi einige i dette, men frå tid til annan kjem det nye folk til og praksis endrar seg. Vi er heller ikkje ferdige med kva betydning Kulturrådets rolle no vil ha for armlengds prinsippet.
    Vi har oppsummert i sju punkt det vi meiner må til for å sikra armlengds prinsippet i styringsdokumenta våre. Det handlar om organisasjonsform, finansiering, styreoppnemning, bruk av åremål for kunstnariske leiarar og eigarstyring. Vi skal seinare i dag høyra frå akademia om beslekta problemstillingar frå Nina Sandberg som er generalsekretær Universitets- og høgskulerådet.
  2. Institusjonanes uavhengigheit er naturlegvis eit sentralt tema for autonome kunstinstitusjonar. Å hegna om det kunstnariske arbeidet og dei kunstfaglege beslutningane, må vera eit kontinuerleg tema både internt i institusjonane, blant institusjonane og i dialog med forvaltninga. Repertoarval i eit teater skal tåla å bli vurdert i forhold til intern kapasitet og publikumsinteresse, og eit samla repertoar må vera berekraftig. Men vi skal og ta kunstnerisk risiko, viss ikkje gjer vi ikkje jobben vår. Vi skal trass alt gi folk noko dei ikkje visste dei trengte. Den kunstnariske beslutningen må derfor vera kjernen og koma først.
  3. Instrumentale føringar som rapporteringskrav på forhold som i vekslande grad har noko med scenekunsten å gjera, blir som regel dårleg mottatt i institusjonane. Vi vil gjerne at utviklinga vår skal koma innanfrå og ikkje som respons på politiske krav. Men for institusjonar som mottar omfattande økonomisk støtte, må vi akseptera å bli sett i korta. Og går utviklinga for sakte må vi tåla å høyra det. Om vi skulle ynskja oss noko, er det vel at dialogen rundt innhaldet i og gjennomføringa av rapportering var litt tettare enn den er no.
  4. Føreseielege rammer som gjer det mogeleg å laga scenekunst for eit breitt og samansett publikum er ein viktig føresetnad. Institusjonane har lange planleggingshorisontar for å få tak i gjestande kunstnarar og for å driva effektivt internt.
  5. Ambisjonen om at institusjonane skal virka som vitaliserande kompetansemiljø for det øvrige kunst- og kulturlivet er noko å strekkja seg etter. Både orkestera og teatera sit på reine gullgruver av kompetanse innan mange fag. Eksempla på korleis denne kompetansen sildrar ut i ulike miljø nært og fjernt er mange.
  6. Utdanningssystemet skal ikkje berre utvikla framtidas kunstnarar, men og framtidas publikum. Eit kompetent publikum er ein viktig byggekloss i eit demokrati. NTO passar derfor særleg på når det er debatt rundt humanistiske og estetiske fag i heile utdanningsløpet.
  7. Samtalen om kunsten i det offentleg rom er viktig for at kunsten skal vera synleg og testa ut mot den offentlege opinionen. Mediebiletet er i stadig meir brukarorientert og, med unntak av dei store samfunnsspørsmåla, går vi frå offentlege debattar til smalare kommentarfelt. Spørsmålet blir då korleis vi skal ta vare på relevans og legitimitet i ein større samanheng. Enkelte institusjonar, vel no å laga eige innhald, for å nå ut. Her må både media og institusjonane kjenna si besøkelsestid.

I tillegg til disse overordna prinsippa, har vi utarbeida mål og retningslinjer for beredskap og deltaking i offentleg debatt. Hensikten er igjen å sikra den institusjonelle så vel som den individuelle kunstnariske fridomen.

Nedkjølande utspel

Vi snakkar ikkje her om kunstkritikk. Den har vore der og skal vera der. Den har hatt og vil ha eit spenn frå eufori til rein latterliggjering. Det vi snakkar om er trakasseringa som enkelte kunstnarar har opplevd på sosiale medier og i livet elles dei siste åra. Utspel som bidrar til å setja grenser og verkar nedkjølande på kunstnerisk aktivitet. I slike tilfelle kan institusjonsleiarar med sitt apparat bidra til å trygga enkeltkunstnarar og moderera diskusjonar.

Ei gruppe av NTOs medlemmer arbeider no med heilt operative rutinar for hjelp til kunstnarar i konkrete situasjonar.

Slike problemstillingar var og tema i Ytringsfridomskommisjonen sin rapport. Den skal vi høyra meir om frå komitéleiar Kjersti Løken Stavrum seinare i dag.

Avslutningsvis må eg leggja til at vi har også arbeidd med eit vegkart for klima dei siste åra, samen med andre organisasjonar innanfor kultursektoren.

Og ikkje minst arbeidde vi fram prinsipp for bruk av boikott som følgje av Russlands invasjon av Ukraina. Litt stas er det og at desse prinsippa ble plukka opp av søsterorganisasjonar vi har elles i Europa.

Dette har vore eit forsøk på å teikna den høgare himmelen over NTOs arbeid. I neste sekvens skal dagleg leiar i NTO, Morten Gjelten, innleia til ein samtale om dei meir konkrete utfordringane vi som fellesskap står overfor no.

Takk for meg.

Marta Færevaag Hjelle, styreleiar i NTO