– Kor mange barn har ikkje fått si første teateroppleving på Oslo Nye Teater? Og kor mange skodespelarar og andre teaterarbeidarar har ikkje fått sin spede oppstart på ein av scenane til Oslo Nye, spurde Marta Færevaag Hjelle, styremedlem i NTO og direktør ved Nationaltheatret under dagens appell for Oslo Nye Teater i borggården til Oslo rådhus.
Appell for Oslo Nye Teater, 25. september 2024:
Kjære alle sammen
Norsk teater- og orkesterforening representerer nesten 40 scenekunstinstitusjonar landet rundt. Vi er ikkje eit stort fellesskap men vi er eit sterkt fellesskap.
Vi hegnar om Oslo Nye fordi dette teateret også er viktig for det nasjonale teaterfellesskapet. Blir Oslo Nye borte, blir heile teaterfellesskapet svekka.
Grunnen er alle frilans teaterarbeidarane som arbeider på tvers av institusjonar. Kvar enkelt representerer eit unikt bidrag til bransjen. Blir Oslo Nye borte vil det forsvinna arbeidsplassar i stort omgang, både faste stillingar og oppdrag for frilansarar. Færre vil kunna leva av teaterjobbing, og teatera vil ha færre dei vil kunna bruka når nye produksjonar skal setjast opp.
Det blir påstått at Oslo Nye ikkje driv økonomisk berekraftig. Dette er feil. Er det eitt teater som ha vist at dei kunne tilpassa seg stadig strammare rammer, så er det Oslo Nye. Så kom pandemien, og gav teateret ei ekstra utfordring. I staden for å hjelpa teateret gjennom dei økonomiske vanskane dette gav, vel ein altså å desimera teateret til tross for fagre ord om kulturbyen Oslo.
Teateret skal satsa på barn og unge, blir det sagt. Og då spør eg, kor mange barn har ikkje fått si første teateroppleving på Oslo Nye? Og kor mange skodespelarar og andre teaterarbeidarar har ikkje fått sin spede oppstart på ein av scenane til Oslo Nye?
I ei tid der kunstig intelligens er i rivande utvikling og produksjonen av «fake news» blir stadig meir raffinert av aktørar som systematisk arbeider for å bryta ned demokratiske strukturar, vel Oslo kommune og leggja ned ein av sine fysiske arenaer for felles opplevingar.
Eg vil våga den påstand at Oslo blir ikkje berre fattigare av å leggja ned Oslo nye, Oslo blir også ein meir sårbar by.
Takk for meg.
Marta Færevaag Hjelle, direktør Nationaltheatret og styremedlem i NTO