– Trass omstillingsevne, nye digitale flater og ein fantastisk innsats for å finne nye vegar, vil kulturlivet bli prega av ein knekk, sa Solrun Toft Iversen, teatersjef ved Det Vestnorske Teateret, i sitt innlegg på konferansen «Korona møter kultur» i regi av Bergen kommune 29. januar. – Kortare og meir usikre horisontar har satt langsiktige satsingar og dristige format under press. Vi legg sikrare planar. Vi tærer på vinterprovianten, fortsette ho.
Vi har fått løyve til å publisere innlegget, som du kan lese i sin heilskap her:
Takk for ordet, og takk for at eg som teatersjef her på Logen, Det Vestnorske Teateret, får lov til å dele nokon tankar med dåke.
Eg har satt meg i salen. Det har eg trengt ofte i det siste. Det er her eg kjenner meg nærast oppleving av meining med arbeidet mitt. Det er mi kyrkje.
Og som de ser, så sit eg på ein laus stol. I går spelte vi for 10 personar her. I ein sal som kan ta opp til 320. Det hadde eg aldri forestilt meg at vi kunne komme til å gjere. Det seier litt om omstillingane vi har gjort den siste tida. Om viljen til omstilling og om kor sentralt eg opplever det er å kunne møte eit publikum; å kjenne det menneskelege samværet i dette rommet.
Eg var her i går kveld, og eg smiler enno av takksemd for det. For latent i alle teatersjefar ligg det nok ein stor kapasitet i kampen for å spele, trass alt. Desse kreftene trur eg vi har mobilisert, alle som ein. Og eg kjenner det som ein siger.
Men på veg ned her i dag tidleg så var eg innom Deli de Luca oppe på hjørnet for å hente meg litt kaffi. Det er min lokale kiosk. Eg kjenner den godt. Dei har omkring 25 kvadratmeter. På døra står eit skilt: Max. 7 personar. Restauranten over vegen kan ta imot 70 personar. Heime kan eg invitere 5 utover min egen hustand. Det vert 10.
For meg har denne forskjellsbehandlinga vert den mørkaste sida av korona.
Kanskje er overskrifta eg har fått heilt grenselaus. Det er lettare å finne dei mørke sidene ved situasjonen vi står i, enn lyspunkta. Eg veit at eg har gleda meg til å høyre om moglegheiter og lyspunkt i dag. Og det er heller ikkje berre mørke her i salen på Logen. Eg opplever eit sterkt lyspunkt i ensemblet sin vilje til å spele. Deira uforminska kjærleik til arbeidet, deira motivasjon for å møte publikum om det så var ein eller to.
Vi står alle med kjensla av å forvalte ei veldig viktig oppgåve no. Men sjølv om motivasjonen min er meir skjerpa no enn nokon sinne, så ligg det eit mørke og ein fortviling for meg i korleis eg har opplevd forvaltninga av tiltak og retningslinjer.
For desse stolane har splintra eit elles samla felt. Dei har indirekte prioritert vekk sjansane for å sette eit avtrykk i publikum for mange gode framsyningar. Dei har indirekte prioritert mellom scenekunstinstitusjonane sin verdi. Det slit på staminaen.
Og det må seiast, sjølv om vi er privilegerte. Sjølv om vi har dei beste støttepakkane og kompensasjonen fangar oss opp.
Pakkane har tatt vare på frilansarane som eg umiddelbart blei mest bekymra for. I neste sving flagga eg og mange med meg at utan beståande institusjonar var det heller ingen jobbar for dei i framtida. Og det har vært rett å gi oss tryggleik no. Pengane gjer at vi kan flyte litt lenger.
Men – og det er eit stort men: Ein relevant og livskraftig scenekunstinstitusjon har andre kapitalar som er minst like viktige som balanse på bunnlinja. I publikumskontakten ligg sjølve meininga med det vi gjer. Her vert det harde arbeidet forløyst i heile prosjektet sin hensikt. Både i det store bilde og for kvar enkelt avvikla framsyning.
Eit kunstverk foldar seg ut i denne kontakten – og ikkje minst vil kunstnarskapa som ligg bak verket utvikle seg og genererast gjennom den. Når dialogen med publikum fell vekk blir vi svekka i denne utviklinga.
Eg trur takksemda over dei publikumsmøta vi får til trass alt, kan overskygge uroa over denne stoppklossen enno ei stund. Eg er meir bekymra for den tredje kapitalen vår som handlar om lengre horisontar og utvikling.
For Det Vestnorske Teateret og teaterbransjen i sin heilskap er sterkt trua utan sin aktive kontaktflate med frilansarar, liksom frilansarane er trua av kortare horisontar og nedsett aktivitet. Rekruttering av nye stemmer og nye utøvarar lir under det. Vidareutviklinga av krefter vi har knytt til huset lir under det. Aktiviteten i nettverket mellom kunstnar og hus lir under det.
For kortare og langt meir usikre horisontar har satt langsiktige satsingar og dristige format under press. Eg vil hevde at vi ser det på mange scener. Vi legg sikrare planar. Vi garderer oss og tærer på vinterprovianten. Fleire gjenopptakingar – kor legitime dei enn måtte være – vil blokkere for nye fortellingar. Nedgang i billettinntekter vil saman med smittevernregime fortsette å tvinge fram skrinnare format på scena. Dette betyr færre kunstnarlege engasjement.
Eg trur vi vil kunne registrere nedgang i bestilling av nye verk. Nedskalering av kunstnarlege åndsverk per produksjon. Og nyutklekte kunstnarskap som vert satt på pause og kanskje vert tvungen heilt i kne.
Trass omstillingsevne, nye digitale flater og ein fantastisk innsats for å finne nye vegar vil kulturlivet bli prega av ein knekk.
Fram til no har både tiltak og støttepakkar svart på eit akutt behov. Ingen kunne være førebudd på dette, og vi kan godt unne oss ei anerkjenning. Vi har handla og handla godt som kulturnasjon. Men vi ser inn i ein lenger horisont no, og eg vil etterspørje at måten vi jobbar med å trygge kulturarrangement og måten vi jobbar med å kompensere begge delar er retta mot å stimulere og ivareta nettopp kontaktflata.
Teateret si oppgåve i samfunnet utfoldar seg i kontakt med publikum og i kontakt med kunstnarane. Det tar lang tid å utvikle denne kontakten. Å komme til det punktet der kunsten gjer sitt avtrykk i samfunnet. Vi står i heilt gjensidig avhengigheit til kvarandre i dette økosystemet for å holde denne utviklinga ved like.
Det nyttar ikkje at eg står og seier at Det Vestnorske Teateret har ei viktig oppgåve – eit samfunnsmandat å fylle – dersom eg ikkje løftar den oppgåva saman med dei som skriv, dei som komponerer, dei som fortel og syng, designar, video og lys, kostymar – og så vidare – lista er lang. De kjenner den godt.
Og jo usikrare min horisont er på bruket her, jo meir utsett vert den samhandlinga. Då kan vi ha så mange støttepakkar vi berre vil. Dei må innrettast slik at vi tør satse – også på det som strekker seg utover det akutte her og no.
Vi treng mot og tryggleik til å kunne sette forfattarane i arbeid i staden for på dagpengar og søk etter anna arbeid. Vi treng minnast om faren for at ressursar fell frå. At nyutdanna skodespelarar og instruktørar finn andre vegar, at dei aldri fekk knytt kontaktnettet til eit produserande hus med musklar.
Og så treng vi eit truverdig reglement vi kan forvalte i møtet med publikum. Eit regelverk som gir oss moglegheit til å svare på ansvaret vi har for å trygge smittevern. Og det ansvaret vi har for å invitere inn til dette levande samværet.
Solrun Toft Iversen, teatersjef Det Vestnorske Teateret