– Den israelske historikaren Harari seier det er historieforteljing og bevegelse av folks tankar og idear som har gitt endringar gjennom historia, sa Marta Hjelle i sin siste tale som styreleiar på NTO sitt årsmøteseminar 15. april, før ho ga stafettpinnen vidare til Bodil Kjelstrup. – Her ligg det moglegheiter for oss. Er det noko vi kan så er det å stilla spørsmål og skapa undring, fortsette ho.
Kjære alle
Velkommen til årsmøte i Norsk teater- og orkesterforening. Og takk for at de sluttar opp om fellesskapet og ikkje minst bidrar gjennom året til NTO – Musikk, Norsk teaterleiarforum eller til NTO. Som foreining er vi avhengige av samspelet mellom medlemmene og kompetansen i administrasjonen. Det gjer at vi kan møta politikarar frå regjering eller opposisjon og melda inn problemstillingar med konkret forankring og sikra at vi samtidig er konsistente med bodskapen vi elles ber fram. Dette er ikkje openbart i ein organisasjon med så mange unike institusjonar.
Kunnskapsbasert og konsistent skal framleis vera NTO si merkevare. Nær og prinsipiell er også treffande. NTO skal framleis driva interessepolitikk, byggja nettverk og kompetanse, etablera bransjestandardar og vera katalysator for vidareutvikling der vi ser behov for det.
I forbindelse med strategiarbeidet til NTO har Gunnar Thon Lossius intervjua styremedlemmene i NTO om kva som er viktig for bransjen og hovudpunkta var:
Kva dette vil innebera konkret for organisering og ambisjonar, må meislast ut i tida som kjem. Det vil ikkje minst vera avhengig av utfordringane som kjem til å møta oss. I intervjua Lossius gjorde vart det peika på følgjande utfordringar:
Dette er velkjente områder som NTO har diskutert mykje dei siste åra, og meldt inn til Kulturdepartementet i ulike samanhengar. Dei fleste punkta handlar om rammene rundt verksemdene våre. For eigen del kan eg også leggja til uro for balansen i ressursfordelinga mellom byråkrati og kunstprodusentar.
Eitt punkt skil seg ut, og det er relasjonen til arbeidstakarorganisasjonane. På mange måtar er det forståeleg at dette samarbeidet er krevande. Det har vore fleire tunge tak dei siste åra med både pandemi og pensjon. Enkelte står no i dialog med tillitsvalde om å redusera bemanninga. Det har vore rikeleg med konfliktmateriale.
Personleg opplever eg paradoksalt nok at dialogen er meir konstruktiv enn på lenge. Det betyr ikkje at det er slik over alt. Uansett, vi treng dei tillitsvalde no, slik at vi i fellesskap kan stå opp for bransjen vår og vidareutvikla den.
Apropos vidareutvikling av bransjen. Dette kan verka som ein litt eplekjekk inngang for ein bransje som har opplevd økonomisk innstramming dei siste ti åra. Men likevel, eg prøver. Tilpassing til rammevilkåra er noko vi må gjera på lik linje med alle andre. På kort sikt reduserer vi bemanning, vi stenger ned aktiviteten i periodar, vi reduserer turnéstopp og vi reduserer produksjonsrammene. På lengre sikt finn vi kanskje nye samarbeidsformer som gjer at pengane kan strekkja endå lengre.
Alt dette gjer vi for å halde oppe aktivitet og publikumstilbod innanfor dei økonomiske rammene vi til ei kvar tid har. Vi er fleksible og på mange måtar pragmatiske på vegne av kunsten. Og vi veit at tilsvarande organisasjonar i andre land har opplevd langt større kutt og klart å tilpassa seg det.
Likevel er det grunn til å ropa ut eit lite varsku her. Det blir mindre ny scenekunst på denne måten og færre frilanskunstnarar kjem til å få jobb ved institusjonane våre.
I Norge har vi rigga oss til med ein infrastruktur for å visa scenekunst i heile landet. Det er etablert ein struktur for finansiering der både statlege, regionale og kommunale styresmakter bidrar med rammetilskot. Dette har tent institusjonane godt og gitt relativt føreseielege vilkår for drifta over tid. NTO vil arbeida for at denne modellen blir vidareført og styrka.
Dei siste åra har det vore uro rundt tildelingane. Utviklinga i tilskotet har vore eitt tema. Samspelet mellom rammetilskotet og diverse tidsavgrensa og øyremerka midlar eit anna. Generelt kan vi seie at ein ryddigare og meir heilskapleg struktur for finansiering av institusjonane er kommunikasjonsmessig enklare for alle partar, inkludert Kulturdepartementet. Vi vinn alle på at vi skildrar verkelegheita likt og at den er forståeleg og rimeleg.
Men ut over driftssituasjonen vår så er framtida usikker. Regjeringa la nettopp fram ein langtidsplan for forsvaret. Kva betydning den vil ha for offentleg finansiering på andre sektorar er foreløpig uavklart.
Churchill svarte aldri «then what are we fighting for» på spørsmålet om redusert finansiering til kunsten. Men det ligg likevel eit poeng i dette «sitatet». Kva er det som definerer oss som fellesskap? I eit stadig meir digitalisert samfunn, korleis finn vi saman? Kva for krefter er det som motiverer til fellesskap og felles historieforteljing? Kor er leirbåla vi kan samlast rundt?
Spørsmålet om kva som er verd å forsvare kjem nærare når ein ser bomberegn over ukrainske byar og skyttargraver langs frontlinja, og ikkje minst folkemordet som har føregått og pågår i Gaza.
Eg trur vi må snakka meir om kvifor vi finst både som bransje og institusjonar. Politiske og økonomiske prioriteringar vil bli vanskelegare framover, og vi må snakka om verdien av verksemda vår med dei som løyver pengar, og vi må snakka om det med dei som stemmer inn dei som løyver pengar.
Her er nokre punkt i så måte frå meg:
Vi må kunne snakke om dette utan å bli instrumentelle i tilnærminga. Vi lagar ikkje kunst for å bedra den allmenne helsa i befolkninga eller for å gi folk i den stadig lengre alderdommen noko meiningsfullt å gjera. Men vi veit at nettopp det kan vera effektar at kunsten som blir laga.
Dei siste åra har vi snakka alt for mykje om Trump. Og Erdogan. Og Orban. Og Xi. Om autoritære leiarar og kva dei får seg til å gjera og seie. Vi kan slå oss på låret og himla med augene, men det er lite vi kan gjera med disse karane. Det vi derimot kan gjera er å snakke om kva som er viktig og bra med den demokratiske styreforma og korleis vi kan bidra til at den blir vidareført og styrka.
Den israelske historikaren Harari seier det er historieforteljing og bevegelse av folks tankar og idear som har gitt endringar gjennom historia. Her ligg det moglegheiter for oss. Er det noko vi kan så er det å stilla spørsmål og skapa undring. Akkurat det er eit stigande behov i et verd som blir stadig meir sekterisk og skråsikker.
Neste år vil påtroppande styreleiar Bodil Kjelstrup halde tale til årsmøtet. Eg håpar at det då har blitt tydelegare kva rolle vi speler i dei store spørsmåla vi alle strir med om dagen.
Takk for meg!
Marta Færevaag Hjelle, styreleiar i NTO