Norsk teater- og orkesterforeining (NTO) og Norsk teaterleairforum (NTLF) registrerer med stor uro at faget teatervitskap ved Universitetet i Bergen (UiB) er trua med nedbygging. Dette inneber ei særs alvorleg svekking av fagmiljø for kritisk diskurs i Norge og rammar utvikling av viktige ressursar for rekruttering i bransjen, skriv NTO og NTLF i ei felles utsegn til UiB.
Marta Færevaag Hjelle, styreleiar i Norsk teater- og orkesterforeining (NTO) og Solrun Toft Iversen, leiar av arbeidsutvalet i NTO sitt leiarnettverk Norsk teaterleiarforum, har 17. mars 2023 sendt ei felles utsegn til Universitetet i Bergen (UiB), med kopi til Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Bakgrunnen er det humanistiske fakultetet sin faglege bemanningsplan 2023-25 som vil bli behandla i Fakultetsstyret 21. mars. Her blir det foreslått å fjerne to av tre vitskaplege stillingar i faget teatervitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved UiB i løpet av perioden.
NTO og NTLF uttrykker stor uro for forslaget og det vi vurderer som ei dramatisk nedbemanning. Framlegget til leiinga ved fakultetet truar ein sentral bastion for heile teaterfeltet og for den samfunnsbereidskapen som teatervitskap er ein umisteleg del av og vil i realiteten seie ei særs alvorleg svekking av fagmiljø for kritisk diskurs i Norge.
Iversen og Hjelle peikar i utsegna på at ei slik nedbemanning også rammar utvikling av viktige ressursar for rekruttering i bransjen. Fagmiljøet ved UiB er lite, og nettopp difor er det naudsynt å verne det, understrekar dei.
Som kunstnarlege og administrative leiarar for institusjonar som utfaldar si verksemd i den diskursive ramma som teatervitskap er premissleverandør for, ytrar dei to teaterleiarane, på vegner av NTO og NTLF, eit markant varsko, og skriv blant anna:
- Refleksjon og omgrepsapparat kring kunsten si rolle i samfunnet står under press. Prioriteringa av humanistiske og estetiske verdiar likeså. Med ei nedprioritering som rammar både fag og bransje så drastisk vil vi stå fattige og svekka i møte med utviklinga og framtida.
Vi syner elles til tidlegare utsegn frå NTO der vi peikar på det uhaldbare i at interne økonomiske prioriteringar ved dei humanistiske fakulteta åleine skal vere avgjerande for kor vidt ein skal ha eit teatervitskapleg fagmiljø i Norge. Det er prekært bruk for å finne fram til overordna strukturar og ordningar som sikrar naudsynte humaniorafag, jf. Uttalelse om utsatte humaniorafag og Bevar teatervitenskap.